Påskeferie må vere noko av det beste som fins!
Eg reiste heim ganske så tidlig i år, over ei veke før påskeferien starta for folk flest. Deilig det - å berre slappe av og lade opp til ei hard festhøgtid. Eg har vore skikkeleg dårlig til å ta bilder denne påska, men her er i alle fall ei slags patetisk oppsummering;
Første helga var suksess! Vi samla oss ein liten gjeng - drakk vin og øl, kosa oss på bowlingen, rocka Base Camp (meir eller mindre aleine, urovekkande lite folk til å vere ein vanleg laurdagskveld), og dreit oss ut på nachspiel. (Med "oss" meinar eg sjølvsagt "meg". Og Marita og, eigentleg.) Artig, artig, artig!
Vekedagane har gått med til utallige kafèbesøk. Alltid koseleg med sladder og babykos, og eit av høgdepunkta med å kome heim!
Palmelaurdag var det NYDELEG vêr, og sjølvsagt tid for utepils. Utålmodige som vi er, klarte vi ikkje å drøye det lenger enn til 13.00 før første øla var innabords. Etter det gjekk det slag i slag - pils på Kaffibaren, middag (og pils) på Isehaug, og heftige, iskalde drinka i sola på verandaen heime. Seinare vart det vorspiel, revy og nytt vorspiel, før vår evige helt - Kjetil Grodås - stod for underhaldninga på Base Camp. WHAT A NIGHT!
Tysdag var det tid for jentekos hos frøken Hagen. Alltid kjekt å samlast, dele nokre flasker vin, og catche up på alt mellom himmel og jord. Dessverre ligg ikkje kosedrikking naturleg for meg, så kvelden endte med ein kort tur innom puben, og deretter nachspiel.
Godgjengen hos frøken Hagen!
Onsdag var det ny fest - jentevorspiel, Base Camp og Scala. Også en suksess, trass i at eg var UTSLITT etter kvelden før. Skjærtorsdag var eg faktisk sjåfør, men det vart ein kjempekoseleg kveld likevel, på Jennis og Scala.
No er det langfredag, og eg er tilbake på Lillehammer for å jobbe. Ganske vemodig, det må eg innrømme! Men eg er heldig! Eg har ein fantastisk familie, som faktisk har lagt påskeferien til Lillehammer i år. Mamma, tanta, onkel og 3 nydelege kusiner befinn seg no i leiligheita mi, mens eg "slit meg ut" på nattevakt. Pappa og broder`n kjem i morgon.
Eg trur det kan bli ei ganske så fin påskehelg<3